Instruktørar Frontline Academy Voss

instruktør voss

Jason Shields

Jason er svartbelte under Andre «Fievel» Porto De Caravalho, Eduardo «Teta» Rios og Ricardo Liborio. Han byrja å trene BJJ i 2012 og fekk svart belte i 2021.

Reisa Jason har hatt i BJJ har tillate han å bli kjent med mange erfarne og dyktige jiu-jitsu instruktørar og utøvarar. Dette har Jason teke med seg inn i undervisninga si og som utøvar i konkurransar. Jason er ein trener, coach og instruktør i verdsklasse.

  • 3 gonger verdensmester
  • 13 gonger europamester
  • Trener til verdensmesteren
  • Fyrste svartbelte i BJJ på Voss
  • Svartbelte i Kong Fu
  • Bruntbelte i karate (Wado Ryu)
instruktør voss

Rutger Custers

Rutger byrja sin kampsportkarriere i Nederland då han som 6-åring starta med judo. Han har konkurrert og undervist judo heilt til han flytta til Noreg i 2015.

Rutger flytta til Voss for å trene under Jason Shields og ved Frontline Academy Voss. Under Jason har Rutger utvikla seg til ein internasjonal idrettsutøvar og har vunne fleire medaljar.

I 2020 byrja Rutger å undervise barn og ungdomspartia på Voss.

  • Europeisk medaljist
  • Svartbelte i BJJ
  • Svartbelte i Judo
  • Internasjonal utøvar
  • Personleg Trenar
  • Byrja kampsportreisa som 6-åring

Personleg trening

Dersom du ønsker personleg oppfølging i tillegg til – eller istadenfor – vårt gruppetreningstilbod, har du moglegheit til å ta timar med ein Personleg Trenar som står klar til å hjelpe deg.

Me tilbyr enkeltimer både i BJJ og styrketrening. Du kan også dele timane med ein ven, eventuelt gå saman i ei lita gruppe. Ta kontakt og avtal dette nærare med Rutger. Du treng ikkje teikne medlemskap hos oss viss du berre ønskjer å benytte deg av Personleg Trenar.

Rutger Custers

Rutger har si eiga bedrift, Voss PT, der han hjelper folk med å finne glede i kvardagen sin. Han har rik erfaring innan kampsport og styrketrening, sidan han har vore ein utøvar på verdas nivå. I 2022 vart han utdanna som Personleg Trenar gjennom AFPT. Dersom du trenar BJJ og har lyst til å ta deg sjølv til nye høgder, kan me anbefale å ta nokre timar med Rutger. Hans kompetanse og rettleiing kan vere akkurat det du treng for å forbetre ferdigheitene dine og nå nye mål i BJJ.

Personleg trenar Rutger Custers