Brasiliansk jiu-jitsu (BJJ)

Våre fantastiske instruktørar på Frontline Academy Voss er lidenskapeleg opptatt av BJJ, og begge er godt meritterte utøvarar med ei rekkje VM- og EM-medaljar. Me vektlegg at du som medlem skal få maksimalt utbytte av instruktørane sin erfaring, samtidig som du har det moro og blir inkludert i vårt fantastiske miljø.

brasiliansk jiu jitsu frontline academy voss
brasiliansk jiu jitsu frontline academy voss

Kva er brasiliansk jiu-jitsu (BJJ)?

Brasiliansk jiu-jitsu (BJJ) er ein kampsport som vert trent med den tradisjonelle gi’en, der grappling (bakkekamp) er i fokus. Målet er å oppnå ein dominerande posisjon for å bruke leddlåsar eller kvelningar, slik at motstandaren gir seg ved å klappe ut.

BJJ har opphavet sitt i Brasil tidleg på 1900-talet og vart utvikla med prinsippet om at ein mindre og svakare person skal kunne overvinne ein større og sterkare motstandar ved å bruke rett teknikk. BJJ er ein utmerka kampsport uavhengig av om ein ønskjer å lære sjølvforsvar, konkurrere i BJJ eller ha ein god trening.

Kven er treningane i brasiliansk jiu-jitsu for?

Treningane er for alle! Du kan sjølv bestemme kor hardt du vil trene og kor mykje du eventuelt ønskjer å sparre.

Hos oss på Frontline Academy har me ein høgare gjennomsnittsalder blant medlemmane våre enn dei fleste andre kampsportklubbar. Me er svært nøgde med å kunne tilby kampsportstrening for vaksne menneske, ikkje berre ungdom.

brasiliansk jiu jitsu frontline academy voss